Lokalisering
Stangvik barnehage er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter som ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik skule.
Organisering
Stangvik barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage. Antal ungar varierer litt år for år, men omkring 30-35 ungar fordelt på 3 avdelingar etter alder. Alderen på ungane er frå 1-5 år.
Særpreg
Barnehagen ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring. Vi har ein lavvo og ei grillhytte i skogen som vi nyttar mykje.