Todalen barnehageLokalisering Todalen barnehage ligg saman med Todalen skule, midt i bygda. Der har vi tilgang til flott natur og korte avstandar til å besøke lokalt arbeidsliv og garda,r der vi kan oppleve husdyr på nært hald. Med skulen vegg i vegg, har vi gode samarbeidsmoglegheiter. Organisering Todalen barnehage er ein del av Todalen og Stangvik oppvekstsenter (TOSTOP), som består av to skular og to barnehagar med felles einingsleiar. Barnehagen, som er ein del av Todalen oppvekstsenter, har eit heildagstilbod for barn i alderen 0-6 år, og er godkjent for 18 plassar. Særpreg Vi ønskjer å bidra til ein god barndom, og gje eit variert pedagogisk tilbod, der trivsel, tryggleik, leik og læring står sentralt. Vi ønskjer å gje rom for mangfald, der respekt og toleranse for kvarandre er viktig. Alle skal få opplevingar og erfaringar i høve til alder og modning. Sist endret23.07.2020 09.34