Barnehageopptak i Surnadal

For å få rett til barnehageplass etter Barnehagelova, må du søkje innan fristen for hovudopptaket, som i Surnadal kommune er 15. februar kvart år.

Kven har rett på plass?

Barn som fyller eit år innan utgangen av august, har rett til plass i august

Barn som fyller eit år i september, oktober eller november har lovfesta rett til plass den månaden dei fyller eit år

Barn som fyller eit år i desember, har rett til plass førstkommande august. Retten til plass følgjer av  Barnehageloven § 12 a

Når er det opptak?

Hovudopptaket skjer om våren, med søknadsfrist 15. februar.

Sikker digital post

Sjekk om du har fått opptaksbrev i Digipost, Altinn eller liknande.

Suppleringsopptak

Det blir elles gjort suppleringsopptak gjennom heile året, og det blir tildelt plass dersom det er ledig kapasitet. Eit barn som er oppteke, er sikra plass fram til skulestart.

Hovudopptaksområda i kommunen

a) Bøfjorden
b) Bæverfjord
c) Mo
d) Stangvik
e) Todalen
f) Nedre Surnadal

Barn som bur i Nedre Surnadal skulekrets skal i hovudsak få tilbod om plass i Midtigrenda, Øye og Skei eller Bårdshaugen (privat) barnehagar. Desse barnehagane blir sett på som eitt opptaksområde, og det vil bli tildelt plass i den barnehagen det er ledig plass.

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass.
Du kan også klage viss du verken får ditt første eller andre ønske oppfylt.
Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage.

Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket

Klagen skal vere skriftleg
Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket.

Meir informasjon om klageretten finn du i Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage

Hvis kommunen finn at barnet ditt skulle fått tilbod om den ønskte plassen, skal det tilbydast første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet er tilbode plass.
Viss du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Her er skjema du kan bruke for å legge inn klage

Vedtekter

Kontaktinformasjon

Torill Helgetun
Rådgjevar barnehage
E-post
Mobil 986 62 811
Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL