Miljøretta helsevern i barnehagen

Miljøretta er ei lovpålagt kommunal teneste. Det er eit arbeid som går føre seg i tett samarbeid med kommuneoverlegen.

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for kommunane Sunndal, Rindal, Tingvoll, Heim og Surnadal med kontorstad i Familiens hus i Surnadal.

Om miljøretta helsevern

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v er heimla i Lov om folkehelsearbeid og kan til kvardags bli kalla barnehageungane si arbeidsmiljølov. Det er barnehageeigar, som oftast er kommunen, si oppgåve å oppfylle krava i denne forskrifta.

For å sikre at forskrifta blir oppfylt fører miljøretta helsevern tilsyn med barnehagane. Rapportane etter slike tilsyn ligg på postlista til kommunen. FAU bør automatisk få kopi av desse rapportane. Dersom foreldre vil ha meir informasjon er det berre å ta kontakt.

Lenker:

Forskrifta inneheld krava. Mellom anna at alle barnehagar skal vera godkjent og med det oppfylle krava i forskrifta.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-12-01-928

Veiledaren seier litt meir detaljert om krava

https://www.helsedirektoratet.no/tema/miljo-og-helse

Folkehelseloven

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29?q=folkehelseloven

Kontaktinformasjon

Oddrun Persdotter Fiske
Miljøretta helsevern
E-post

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 15:30