Miljøretta helsevern i barnehage

Miljøretta er ei lovpålagt kommunal teneste. Det er eit arbeid som går føre seg i tett samarbeid med kommuneoverlegen.

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for kommunane Sunndal, Rindal, Tingvoll, Heim og Surnadal med kontorstad i Familiens hus i Surnadal.

Om miljøretta helsevern

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v er heimla i Lov om folkehelsearbeid og kan til kvardags bli kalla barnehageungane si arbeidsmiljølov. Det er barnehageeigar, som oftast er kommunen, si oppgåve å oppfylle krava i denne forskrifta.

For å sikra at det blir gjort er det den tilsette hos miljøretta helsevern i Familiens hus si oppgåve å føra tilsyn med barnehagane for å sjå om forskrifta er oppfyllt. Rapportane etter slike tilsyn ligg på postlista til kommunen. FAU bør automatisk få kopi av desse rapportane. Dersom foreldre vil ha meir informasjon er det berre å ta kontakt.

Lenker:

Forskriften inneheld krava. Mellom anna at alle barnehagar skal vera godkjent og med det oppfylle krava i forskrifta.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-12-01-928

Veilederen seier litt meir detaljert om krava

https://www.helsedirektoratet.no/tema/miljo-og-helse

Folkehelseloven

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29?q=folkehelseloven

Kontaktinformasjon

Oddrun Persdotter Fiske
Miljøretta helsevern
E-post
Mobil 481 77 673

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL