Redusert foreldrebetalingRedusert foreldrebetaling går ut på at ingen hushaldningar skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Maxprisen for 100% barnehageplass er frå 1.8.2022 kr 3015. Kven kan få tilbodet? Hushaldningar som samla har lågare inntekt enn kr 552 750 (frå 1.8.2022) kan søkje om reduksjon i foreldrebetalinga i barnehagen. Dokumentasjon Du må legge ved dokumentasjon på inntekta til alle i husstanden. Med dokumentasjon meiner vi i hovudsak skattemeldinga for siste året. Søknadsfrist Dersom vedtaket skal gjelde for heile barnehageåret, må du ha søkt innan 20. juni Dersom du søkjer etter denne fristen, vil vedtaket gjelde frå den 1. i månaden etter søknad Korleis skal du søkje På Føresetteportalen VISMA Flyt Barnehage vil du finne søknadsskjema for redusert foreldrebetaling Søk her Sist endret 13.06.2022 09.30