Husbanken har fleire verkemiddel som kan bistå innbyggjarane med bustadetablering, ved både kjøp og bygging av bustad. Det er kommunane som administrerer ordninga på vegne av Husbanken.
Publisert avPål Ranes
Publisert03.10.2017 09.19
Startlån
Startlån kan bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem får mulegheit til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustadar. Ordninga er retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem. Bustaden som det blir gitt lån til skal være nøktern, egna og rimeleg i høve til antal bebuarar og lokalt prisnivå. Søknadsfrist: Fortløpande
Meir informasjon om startlån og elektronisk søknadsskjema
Bustadtilskot for tilpasning av bustad
Har du behov for å tilpasse bustaden din? Da kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpasningar. Å tilpasse ein bustad inneber å gjere den egna slik at du kan fortsetje å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpasninga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot blir vurdert i sin heilskap ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.
Søknadsfrist: Fortløpande.
Meir informasjon om boligtilskot