Bustadsosialt arbeid

    Kven er i målgruppa for å motta tenesta bustadsosialt arbeid:

  • Unge som treng hjelp til å halde på arbeid eller følgje opp skulegang eller tiltak/opplegg som er igangsett gjennom NAV.
  • Unge mellom 18-30 år.
  • Unge med lettare psykiske lidingar, rusproblematikk eller samansette lidingar.
  • Unge som skal etablere seg i bustad for første gong, eller som står i fare for å misse sin bustad og som treng rettleing i høve til å lære seg rutinar og nødvendige gjeremål for å bu og behalde eigen bustad.

Kva kan tenesta tilby:

  • Oppfølging av unge som treng bistand for å klare å behalde  bustaden sin. Oppfølginga kan skje gjennom bu rettleiing, oppfølging i bustad eller gjennom rettleiing av økonomi/budsjett.  
  • Aktivt motivasjonsarbeid og tett oppfølging i høve til å klare å behalde jobben sin, fortsetje på skule og følgje opp tiltak som er igangsett av NAV.
  • Bistå unge med å halde seg til, følgje opp avtalar og oppretthalde forholdet til hjelpeapparatet.
  • Igangsetjing av ansvarsgrupper og Individuell plan i samarbeid med den unge ved behov for koordinering av tenester.
  • Oppfølginga kan skje både i heimen, på NAV- kontoret eller utanfor heimen.
  • Etablere kontakt vidare til andre hjelpeinstansar dersom det blir avdekt behov for meir omfattande oppfølging, som ved for eksempel meir alvorleg rus og psykiske lidingar.

Målsetjing:


I NAV er ungdom ei prioritert målgruppe. Nav sitt hovudmål er å bidra til at fleire ungdommar fullfører vidaregåande skule eller kjem i meiningsfull aktivitet og varig arbeid.

Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga har ei føremålsbestemming med målsetjing om at lova skal bidra til at den enkelte skal kunne leve og bu sjølvstendig. Ho skal fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Lova skal bidra til eit heilskapleg tenestetilbod for den unge.  Tenester som retten til opplysning, råd og rettleiing (§17) og Individuell plan  (§28) er også viktige tenester i det boligsosiale arbeidet.

Mål for Bustadsosialt arbeid NAV Surnadal:

  • Førebyggje at unge misser sin bustad gjennom å gjere dem i stand til å bu ved bruk av praktisk oppfølging, råd og rettleiing.
  • Førebyggje rus og psykiske problem gjennom rettleiing og oppfølgjing av unge som står i fare for å misse arbeid, skuleplass, tiltak gjennom NAV, eller oppfølging frå andre instansar i hjelpeapparatet.
  • Førebyggje at unge med hjelpebehov blir ståande utan noko hjelpetilbod.
  • Det bustadsosiale arbeidet skal samordnast med kommunen sine øvrige tenester, slik at desse kan betrast og forsterkast.

Krav til den som mottar tenesta:

  • Må vere mellom 18-30 år. Tenesta er frivillig. Den unge må sjølv ha eit ønskje om å ta i mot tilbodet.

Innsøkjing:

  • Alle einingar i Surnadal kan søkje inn aktuelle ungdommar. Innsøkjing skal skje med samtykke eller underskrift frå brukaren/søkjaren.
  • Det skal brukast eit eige søknadsskjema som skal sendast NAV Surnadal v/bustadsosialt arbeid.
  • Den unge kan også sjølv ta direkte kontakt med rettleiar for ungdom, Bustadsosialt arbeid.
     

 

Kontaktinformasjon:
Telefon: 95041054 eller kontakt NAV på telefon: 55 55 33 33.


Lov og forskrift:
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (www.nav.no/rettskildene-intern/lov/L2009128-131-P1)
Surnadal kommune, bustadsosial handlingsplan: 2011-2015


www.husbanken.no /boligsosialt arbeidwww.husbanken.no /boligsosialt-arbeid/bolig-for-velferd

 

Kontaktinformasjon

NAV Kontaktsenter
Telefon 55 55 33 33

Åpningstider

Måndag kl. 10.00 - 14.00
Tysdag Ope for timeavtale
Onsdag kl. 10.00 - 14.00
Torsdag Ope for timeavtale
Fredag kl. 10.00 - 14.00