Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem, kan NAV gje deg økonomisk rådgjeving. Hensikta med rådgjevinga er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.
Du kan be om økonomisk rådgjeving:
- dersom du ikkje har midlar til å dekkje nødvendige behov
- dersom du får vanskar med å betale rekningane og betene gjelda di
- når du søkjer om økonomisk sosialhjelp.
NAV tilpassar rettleiinga etter behova dine. Du kan for eksempel få hjelp til å lage ei oversikt over den økonomiske situasjonen din og setje opp eit realistisk budsjett.
Du kan også få hjelp til å
- finne ut korleis du kan få redusert utgiftene
- gjere avtalar med dei du skuldar pengar
- skrive søknad om utsetting av betaling
- få opplysningar om rettar og pliktar
- inngå gjeldsordningsavtale
- forhandle med kreditorane
- kontakte namsmannen.
Dersom NAV-kontoret ikkje har kompetanse på alle område, vil du få beskjed om kor du skal venda deg for å få den hjelpa du treng.
Sist endret23.07.2020 09.47