Rusarbeid er ein del av helse / omsorg- og sosialtenestetilbodet til befolkninga i Surnadal Kommune.
Rusarbeid har som hovudmål å førebyggje og redusere rusproblematikk og sikre hjelp til personar med rusproblem. Vi kan bidra i høve utgreiing av aktuelle problemstillingar og bidra til koordinering av tiltak for menneskje som har samansette behov.
Vi ønskjer å gi menneskje med rusavhengnad gode og individuelt tilpassa tenester.
Alle som kontaktar oss får tilbod om hjelp så tidleg som muleg.
Tenesta inngår i tverrfagleg samarbeid med psykiatrisk sjukepleiar, lege, poliklinikk og institusjonar.
KVEN KAN FÅ TILBOD OM OPPFØLGING FRÅ RUSKONSULENT
- Alle som kontaktar oss kan få hjelp
- Kva for type oppfølging du ønskjer, blir tilpassa i ein avklaringssamtale ut frå dine behov
- Ein kan også ha behov for støttesamtalar i kortare eller lengre periodar for å førebyggje tilbakefall
- Pårørande kan også få hjelp.
KVA KAN DU FÅ?
Tenesta gir tilbod ut i frå brukar og pårørande sine ønskje og behov. Du kan ta kontakt med tenesta direkte. Tenesta er gratis. Du treng inga tilvising.
- Støttesamtalar
- Råd og rettleiing
- Informasjon
- Koordinering og individuell plan ved behov
- Hjelp til vidare henvisning til spesialisthelsetenesta / rusinstitusjonar
- Oppfølging/bistand før, under og etter opphald i spesialisthelsetenesta eller fengsel
- Oppfølging ved legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
KONTORLOKALE
Ruskontakt har kontor på Nav Surnadal. Adr. Bårdshaugvegen 5, 6650 Surnadal.
TELEFON TIL RUSKONTAKT: 41406399.
Opningstid: 08.00 - 15.30.
LOV OG FORSKRIFT – LENKER:
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Sosialtjenesteloven i Nav
LENKER: (hjelpetelefonar)
Helsenorge.no
Rustelefonen Tlf. 08588
AA Anonyme Alkoholikere Tlf. 91177770
NA Anonyme Narkomane Tlf. 90529359
Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon
AKAN
Norske kvinners sanitetsforening nks
Selvhjelp.no
Nordmøre Krisesenter Tlf. 71676233
Sist endret23.07.2020 09.45