Spørsmål og klage på eigedomsskatten

Metoden som er nytta for å fastsette skattegrunnlaget ditt bestemmer om du kan rette klage eller gjere endringar i grunnlaget for berekning av eigedomsskatten din. Dette ser du i tabellen i skattesetelen din. 

Klage på eigedomsskatt

Klage med utgangspunkt i boligverdi frå Skatteetaten

Dette er ei sak mellom deg og Skatteetaten

Dersom kommunen brukar Skatteetaten sin berekna bustadverdi som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten, og du meiner grunnlaget er feil, kan du sjølv endre dette ved å endre i skattemeldinga. Det er ikkje lenger nødvendig å klage til Skatteetaten.

Du kan sende endringsmelding til Skatteetaten.

For at du kan endre/sette ned formuesverdi har skatteetaten eit krav om at formuesverdien må overstige 30% av marknadsverdi. Før du kan endre formuesverdi må du kunne dokumentere endringa ved hjelp av ein takst eller ei verdivurdering av eigedomsmeklar.

Endring av formuesverdi gjer du via skatteetaten sine heimesider. 

Endre grunnlaget for berekning av eigedomsskatt. 

Har du for lågt areal på p-rom kan du sjølv endre det med å skrive det inn i boksen «tilleggsopplysningar» på skatteetaten sitt skjema.

Meir informasjon om endring av bustadopplysningea/formuesverdi finn du på Skatteetaten sine hjemmesider.

Du kan ta kontakt med skatteetaten og/eller bestille time på telefon: 800 80 000
 

Klage med utgangspunkt i takst av kommunens sakkyndig nemnd

Dette er ei sak mellom deg og kommunen

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i forbindelse med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare.

Ein eventuell klage blir først behandla av Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt. Om klagar ikkje får medhald, går klagen vidare til ei kommunal Klagenemnd for eigedomsskatt.

Ei klagebehandling kan resultere i at taksten blir ståande, blir redusert eller auka. Saksbehandling skjer i samsvar med Lov om eiendomsskatt §19 og §14.

Eigedomsskatten må betalast innan forfall sjølv om du klagar på taksten.

Du kan kontakte Eigedomsskattekontoret skriftleg eller ved å ringe sentralbordet (sjå under) for meir informasjon om fastsetting av skattegrunnlaget (sjablongtakst) slik at du eventuelt kan formulere/grunngje klagen din på eigedomsskatten. 

Klagen må vere skriftleg og må vere sendt innan klagefristen den 12. april til:

Surnadal kommune
Eigedomsskattekontoret
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

eller via e-post: post@surnadal.kommune.no 

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betjent sentralbord: 09:00 - 15:00