FamilieveiledarFamilieveiledning er eit lågterskeltilbod og ein del av det førebyggande arbeidet ved helsestasjonen. Familieveiledaren kan gi råd til foreldre og følgje opp barn, ungdom og familiar som treng ekstra støtte i vanskelege situasjonar som kan oppstå. Kven kan få hjelp av familieveiledaren? Familieveiledaren kan gi råd og veiledning til barn opp til 18 år og deira foreldre Familiar som er i vanskelege livssituasjonar som følgje av samlivsbrudd, rus, fysisk/psykisk sjukdom eller dødsfall Foreldre som ønskjer støtte i foreldrerolla Foreldre som ønskjer betre samarbeid med barna sine Foreldre som strevar med å sette grenser Kva kan familieveiledaren hjelpe deg med? Vere ein samtalepartnar og reflektere saman med foreldra Gi hjelp til betre kommunikasjon mellom foreldre og barn Gi hjelp med positiv grensesetting Forebygging og hjelp ved søskensjalusi Gi råd og veiledning i foreldrerolla ved samlivsbrudd Støtte og veilede når barn mistar nokon dei er glade i Foreldreveiledning med bruk av opplegget COS-P Trygghetssirkelen (circle of sercurity parenting) individuelt, som par eller i grupper. Les meir om Trygghetssirkelen hos Bufdir. Korleis kontakte familieveiledar? Familieveiledaren har kontor i 1. etg på Familiens Hus. Du treng ikkje henvisning og kan ta direkte kontakt for å bestille time. Dersom du treng hjelp frå fleire instansar kan familieveiledaren også bistå deg med dette. Ta gjerne kontakt med Rita Helen Aarnes for ein prat eller for å gjere avtale. Sist endret 13.02.2023 13:39