Foreldrekurs: Trygghetssirkelen

Trygghetssirkelen er eit foreldreveiledningskurs. Målet med kurset er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine. 

Les meir om dette kurset på nettsidene til Bufdir

Kven kan få dette kurset?

Kurset er for foreldre med barn mellom 0-12 år. Kurset går over 8 kveldar, 2 timar kvar gong. De bør ikkje trenge tolk. 

Kontakt lokale kurshaldarar

  • Ingunn Foss Brekke – helsesjukepleiar. Telefon: 46878259
  • Rita Helen Aarnes – familieveiledar. Telefon:  94854540