Helsestasjon for ungdom

Tilbodet er gratis for ungdom mellom 13-20 år.

Kva får du?

  • samtalar om ting som opptar deg, så som trivsel, spiseproblem, fysiske plagar, mobbing, kjærleik, graviditet, prevensjon o.l
  • resept på prevensjon
  • testing av seksuelt overførbare sjukdommar
  • gratis kondomar
  • tilvising til andre faginstansar

Kven er vi?

Dei som arbeider på helsestasjon har teieplikt og er:

  • helsesøster Ingunn Foss Brekke (i partalsveker)
  • jordmor Wenche E. Berg ( oddetalsveker)
  • turnuslege (kvar tysdag)

Kor finn du oss?

HFU held til ved Surnadal Ungdomsskule i kjellaretasjen.