Reiserett transporttenesta for funksjonshemma/TT-kort

Dette er eit tilbod til funksjonshemma personar med varig nedsett forflytningsevne. Det er graden av forflytningsevne som blir lagt til grunn, ikkje diagnose eller alder.

TT-ordninga Møre og Romsdal fylkeskommune; søknad, erklæring og retningsliner

 

Kven får tilbodet?

Funksjonshemma personar som er varig (minst i 1 år)  forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Ordninga er fylkeskommunal, men det er kommunen som godkjenner brukarar etter fylkeskommunale retningsliner, og skal helst nyttast til fritidsreiser.

Tenesta erstattar ikkje manglande busstilbod eller lang veg til haldeplass. Det er graden av funksjonsnedsetting som gjeld.

Tilbodet gjeld for eitt år om gongen, men brukarar treng ikkje søkje på nytt kvart år. Reiseretten kan opphevast om ein annan brukar vert prioritert foran (det er eit visst antal brukarar av tenesta i kvar kommune), eller at retningslinene vert endra.

Korleis søkjer man om reiserett/TT-kort?

Søknadsskjema, skjema for legeerklæring og retningsliner for tildeling finn du lenger oppe på denne sida. Om du ikkje kan skrive ut sjølv, ta kontakt med kommunen ved sørviskontoret, tel. 715 55 800 eller saksbehandlar Arnhild Sæter på tel. 482 07 149.

Kva kostar det?

Ordninga er gratis

Kontaktinformasjon

Arnhild Sæter
Ergoterapeut
E-post
Mobil 482 07 149

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL