Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsakar.

Søk heimehjelp

Søk heimehjelp ved å bruke søknadskjemaet for helse- og omsorgstenester (PDF, 119 kB) (PDF, 77 kB)

Send utfylt søknadsskjema til Surnadal kommune, Koordinerande eining, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg.

Har du allereie heimehjelp?

Kontakt heimetenesta. Kontaktinformasjon i kolonna til høgre.

Kva får du?

Du kan få hjelp til blant anna:

  • personleg hygiene og stell
  • matombrining
  • matlaging, og i nokre tilfeller handling av varer
  • reingjering
  • klesvask

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder. Du må vere busett i Surnadal kommune.

Kva koster det?

Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp. Sjå prisar for heimetenester.

 

 

 

Kontaktinformasjon

Heimeteneste og rehablitering
Telefon 71 65 82 65

Adresse

Bårdshaugvegen 35
6650 Surnadal