Praktisk bistand og rehabiliteringHeimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsakar. Søk praktisk bistand Søk praktisk bistand ved å bruke søknadskjemaet for helse- og omsorgstenester I søknadsskjemaet beskriv du dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Har du allereie praktisk bistand? Kontakt heimetenesta. Kontaktinformasjon i kolonna til høgre. Kva får du? Du kan få hjelp til blant anna: personleg hygiene og stell matombrining matlaging, og i nokre tilfeller handling av varer reingjering klesvask Krav til søkjar Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder. Du må vere busett i Surnadal kommune. Kva koster det? Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for praktisk bistand. Sjå prisar for heimetenester Sist endret 27.10.2021 12.49