Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjon 0 – 5 år er ei kommunal helseteneste for alle barn frå dei er fødde til dei startar på skulen. Tenesta er gratis.

Kva tilbyr vi?

Helsestasjon 0-5 år tilbyr konsultasjonar og barnevaksinering i tråd med Barnevaksinasjonsprogrammet. 

Vi jobbar for at barn skal trivast, ha god helse og ein trygg oppvekst. Foreldre kan gjerne ta kontakt utanom dei faste konsultasjonane, om små og store bekymringar og spørsmål når det gjeld barn. 

Helsestasjonen har ikkje som oppgåve å behandle sjuke barn. Ved mistanke om sjukdom hos barnet, blir det vanlegvis henvist vidare til fastlege. Blir barnet ditt akutt sjukt må du kontakte barnet sin fastlege eller legevakt.  

Alle som arbeider på helsestasjonen har teieplikt. 

Kva skjer på helsestasjonen?

I perioden 0-5 år har barn 14 konsultasjonar på helsestasjonen. Barn har rett til desse konsultasjonane og foreldre har plikt til å sørge for at barna får dei. Her gir helsesjukepleiar gir råd om aktuelle tema som ernæring, søvn, trivsel, samspel, miljø og tryggleik. Barnet blir vegd og målt på faste konsultasjonar, og når føresette ønskjer det. 

Møt opp 10 minutt før oppsett time for veging av barnet. Meld frå i god tid dersom de ikkje kan komme på time. Ikkje kom på helsestasjonen dersom foreldre eller barn er sjuke. Dette for å unngå smitte til gravide og nyfødde. Her får du oversikt over dei faste konsultasjonane:

  • Heimebesøk 1 - 2 veker etter heimkomst frå fødeavdelinga
  • 2-4 veker: Kontakt med helsesøster
  • 6 veker:  Kontakt med helsesøster og med lege
  • 3 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
  • 4 mnd: Kontakt med helsesøster og med fysioterapeut
  • 5 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
  • 6 mnd: Kontakt med helsesøster og med lege
  • 7/8 mnd: Kontakt med helsesøster
  • 10 mnd:  Kontakt med helsesøster
  • 1 år: Kontakt med helsesøster og med lege/vaksinasjon
  • 15 mnd:  Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
  • 18 mnd: Kontakt med helsesøster
  • 2 år: Kontakt med helsesøster og med lege
  • 4 år:  Kontakt med helsesøster

Les meir om kva som skjer ved dei ulike konsultasjonane hos helsenorge.no

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Telefon +47 71 65 58 80
Bodil Nes
Helsesjukepleiar
E-post
Hildegunn Kvendset Andersen
Helsesjukepleiar
E-post

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 15:30