Familieveiledar

Familieveiledning er eit lågterskel-tilbod og er ein del av det førebyggande arbeidet ved helsestasjonen. Familieveiledaren kan gi råd til foreldre og følgje opp barn, ungdom og familiar som treng ekstra støtte i vanskelege situasjonar som kan oppstå.  

Kven kan få hjelp av familieveiledaren?

  • Familieveiledaren kan gi råd og veiledning til barn opp til 18 år og deira foreldre
  • Familiar som er i vanskelege livssituasjonar som følgje av samlivsbrudd, rus, fysisk/psykisk sjukdom eller dødsfall
  • Foreldre som ønskjer støtte i foreldrerolla
  • Foreldre som ønskjer betre samarbeid med barna sine
  • Foreldre som strevar med å sette grenser

Kva kan familieveiledaren hjelpe deg med?

  • Vere ein samtalepartnar og reflektere saman med foreldra
  • Gi hjelp til betre kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Gi hjelp med positiv grensesetting
  • Forebygging og hjelp ved søskensjalusi
  • Gi råd og veiledning i foreldrerolla ved samlivsbrudd
  • Støtte og veilede når barn mistar nokon dei er glade i  

Korleis kontakte familieveiledar?

Familieveiledaren har kontor i 1. etg på Familiens Hus. Du treng ikkje henvisning og kan ta direkte kontakt for å bestille time. Dersom du treng hjelp frå fleire instansar kan familieveiledaren også bistå deg med dette.

Ta gjerne kontakt med Rita Helen Aarnes for ein prat eller for å gjere avtale.

Kontaktinformasjon

Rita Helen Aarnes
Familieveiledar
E-post
Mobil 970 34 590

Kontortid på Familiens hus: Måndag, onsdag og torsdag kl. 09.00 - 15.00