Helsestasjon 0-5 år

Informasjon om helsestasjonstilbudet under koronautbruddet: 

Helsedirektoratet har lagt føringar for helsestasjonsdrift under koronautbruddet. Helsestasjonen skal vere ein trygg stad å komme, og vi har stort fokus på hygiene, og kjem til å halde noko avstand der det er mogleg. Vi har planlagt drifta slik at de slepp å vente mange på venterommet.

Har de symptom på forkjølelse, også lette symptom, skal de ikkje møte på helsestasjonen. Ta kontakt med oss på telefon eller mail.

Ingen i karantene pga. korona skal komme til helsestasjonen. Ta kontakt med oss!

Ingen søsken skal vere med på helsestasjonen.

Dersom mogleg følger kun ein barnet til helsestasjonen, for å redusere smittefaren.

Ta med eigen leike, da alle våre leiker er fjerna for tida.

Alle som ikkje skal møte vil få beskjed på sms. Har du ikkje haurt noko, skal du møte.

Følg med her og på Facebook-sida til helsestasjonen for fortløpande informasjon.

Ved spørsmål til jordmor eller helsesjukepleiar, send ein mail/sms til jordmora eller helsesjukepleiaren din. Vi svarar så fort vi kan. Merk at nokre av oss ikkje er på jobb alle dagar. Ta evt. kontakt per telefon.

Helsestasjonen er ei kommunal helseteneste for alle barn i aldersgruppa 0 – 5 år. Helsestasjonen arbeider for å fremje barns helse og trivsel, samt førebyggja sjukdom og skade.

Helsestasjonen er eit lågterskeltilbod, der foreldre kan ta kontakt om små og store bekymringer og spørsmål når det gjeld barn.

Alle som arbeider på helsestasjonen har teieplikt, og tenesta er gratis.

Vi tilbyr vaksiner etter det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.      

Helsestasjonen har ikkje som oppgåve å behandle sjuke barn. Ved funn som gir mistanke om sjukdom hos barnet, blir det vanlegvis henvist vidare til fastlege for nærare undersøkelse og behandling. Blir barnet akutt sjukt, må de sjølv kontakte barnet sin fastlege eller legevakt.        

Ikkje kom på helsestasjonen dersom foreldre eller barn er sjuke. Dette for å unngå smitte til gravide og nyfødde.                                  

 

Konsultasjoner ved helsestasjonen:

Kom ti minutt før oppsett time for veging av barnet.

Meld frå i god tid dersom de ikkje kan kome til oppsett time.

Ikkje kom på helsestasjonen dersom foreldre eller barn er sjuke. Dette for å unngå smitte til gravide og nyfødde.


- Heimebesøk: 1 - 2 veker etter heimkomst frå fødeavdelinga
- 2-4 veker: Kontakt med helsesøster
- 6 veker:  Kontakt med helsesøster og med lege
- 3 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 4 mnd: Kontakt med helsesøster og med fysioterapeut
- 5 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 6 mnd: Kontakt med helsesøster og med lege
- 7/8 mnd: Kontakt med helsesøster
- 10 mnd:  Kontakt med helsesøster
- 1 år: Kontakt med helsesøster og med lege/vaksinasjon
- 15 mnd:  Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 18 mnd: kontakt med helsesøster
- 2 år: Kontakt med helsesøster og med lege
- 4 år:  Kontakt med helsesøster

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Telefon 71 65 58 80

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 15:30

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL