Svangerskapskontroll

Alle gravide har rett til gratis svangerskapskontroll. Tilbodet får du hos fastlegen og/eller jordmor på helsestasjonen. 

Korleis får du tilbodet?

Ta kontakt med din lokale helsestasjon eller fastlege for å avtale første svangerskapskonsultasjon når du veit at du er gravid. Den første konsultasjonen bør vere melleom veke 8-12.  Jordmor gir oppfølging gjennom heile svangerskapet og henviser til lege eller sjukehus ved behov. 

Som gravid kan du sjølv velje om du vil følgast opp av jordmor eller lege, eller ein kombinasjon av begge.

Treffetider hos jordmor

Du kan avtale time hos jordmor i kontortid på måndag, tysdag eller fredag. Sjå kontaktinformasjon på denne sida. Dersom noko uventa oppstår utanom desse kontordagane kan du ringe jordmorvakt eller legehjelp.

Kva skjer under svangerskapskontroll?

Jordmor legg opp til individuell tilpassa oppfølging i svangerskapet, med minimum 8 kontrollar. Første kontrollen varar ein time og dei andre kontrollane varar som oftast ein halv time. Far er velkomen til å delta ved konsultasjonane, men ein konsultasjon er kun for mor.

  • Du tar med urinprøve til kvar kontroll
  • Du tar med papir du eventuelt måtte ha frå svangerskapet (Helsekort for gravide, blodprøvesvar, ultralydpapir)
  • De kan samtale om gleder eller bekymringar
  • Jordmor gir mellom anna rettleiing om svangerskap, livsstil, ernæring, fødsel, barseltid, amming, flaskemating og forberedelsar til foreldrerolla

Les meir om svangerskapskontrollar på helsenorge.no

 

Etter fødsel

Du får tilbod om ein ettersamtale/ etterkontroll hos jordmor 2-6 veker etter fødsel.

Jordmor kan gi informasjon og rettleiing om prevensjon og seksuell helse. Jordmor skriv også ut reseptar på alle typar prevensjonsmiddel.

Når barnet er født har de tilbod om vidare oppfølging på helsestasjonen 0-5 år. Les meir om helsestasjon barn 0-5 år.

 

Zanzu - informasjon til gravide på fleire språk

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort botid.

Gå til zanzu.no

Kontaktinformasjon

Wenche Evensen Berg
Jordmor
E-post
Mobil 47 37 90 02

Beredskapstelefon i Orkdal er: 90 90 90 65
Beredskapstelefon i Surnadal er: 476 78 609.

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 15:30