Kven kan få tilbodet?
Personar som slit med rus (legal og/eller illegal rusmiddel) og har mål om å bli rusfri, og har behov for bistand til å oppnå det.
Personar som har utfordringar med rus og psykisk helse, som ikkje er arbeid eller i anna aktivitet.
Pårørende til menneskje med rusproblematikk.
Kva for tilbod kan du få?
Aktivitet kan bidra til at du kjem ut i frå isolasjon og einsemd. Du vil føle at du høyrer til, og bli kjend med nye menneskje.
Aktivitetar blir tilpassa etter dine ønske og behov. Det kan vere individuell aktivitet, eller i gruppe.
- Oppfølging etter opphald i spesialisthelsetenesta/rusinstitusjonar
- Støttesamtale og rettleiing
- Bistand til pårørande
- Turar og fysisk aktivitet
- Innandørs klatring
- Sosiale aktivitetar
- Kreativ verkstad,
- Praktisk verkstad
Kva kostar tilbodet?
Tenesta er gratis, og dei tilsette har teieplikt.
Korleis får du tilbod?
Du treng inga tilvising frå fastlege eller andre. Voksne over 18 år, pårørande og tverrfaglege samarbeidsaktører kan tak direkte kontakt per telefon, mail eller personleg oppmøte.
Kontaktinformasjon
Aktivitetskontakten held til ved:
Elvebredden møteplass
Sommerrotunet Aktivitetshus
Røssmovegen 26,
6650 Surnadal
Opningstid: Mån-fre 08:00-16:00