Bustadsosialt arbeid

Kven er i målgruppa for å motta tenesta bustadsosialt arbeid:

  • Personar mellom 18-50 år.
  • Personar som treng hjelp til å halde på arbeid eller følgje opp skulegang eller tiltak som er igangsett gjennom NAV.
  • Personar med lettare psykiske lidingar, rusproblematikk eller samansette lidingar.
  • Personar som skal etablere seg i bustad for første gong, eller som står i fare for å miste sin bustad og som treng rettleing i høve til å lære seg rutinar og nødvendige gjeremål for å bu og behalde eigen bustad.

Kva kan tenesta tilby:

  • Oppfølging av personar som treng bistand for å klare å behalde  bustaden sin. Oppfølginga kan skje gjennom bu rettleiing, oppfølging i bustad eller gjennom rettleiing av økonomi/budsjett.  
  • Aktivt motivasjonsarbeid og tett oppfølging i høve til å klare å behalde jobben sin, fortsetje på skule og følgje opp tiltak som er igangsett av NAV.
  • Bistå personar med å halde seg til og følgje opp avtalar, oppretthalde forholdet til hjelpeapparatet.
  • Igangsetting av ansvarsgrupper og Individuell plan i samarbeid med den enkelte ved behov for koordinering av tenester.
  • Oppfølginga kan skje både i heimen, på Sommerotunet eller utanfor heimen.
  • Etablere kontakt vidare til andre hjelpeinstansar dersom det blir avdekt behov for meir omfattande oppfølging, som ved for eksempel meir alvorleg rus og psykiske lidingar.

Mål for Bustadsosialt arbeid:

  • Førebyggje at personar  misser bustaden sin  gjennom å gjere dei i stand til å bu ved bruk av praktisk oppfølging, råd og rettleiing.
  • Førebyggje rus og psykiske problem gjennom rettleiing og oppfølgjing av unge som står i fare for å misse arbeid, skuleplass, tiltak gjennom NAV, eller oppfølging frå andre instansar i hjelpeapparatet.
  • Førebyggje at personar med hjelpebehov blir ståande utan noko hjelpetilbod.
  • Det bustadsosiale arbeidet skal samordnast med kommunen sine øvrige tenester, slik at desse kan betrast og forsterkast.

Krav til den som mottar tenesta:

  • Tenesta er frivillig og den enkelte må sjølv ha eit ønskje om å ta i mot tilbodet.

Innsøkjing:

  • Alle einingar i Surnadal kan søkje inn aktuelle personar. Innsøkjing skal skje med samtykke eller underskrift frå brukaren/søkjaren.
  • Det skal brukas eit eige søknadsskjema som skal sendast Surnadal kommune  Helse og familie, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
  • Den enkelte kan også sjølv ta direkte kontakt med rettleiar, ved Bustadsosialt arbeid.

Søknadsskjema:  SØKNAD OM BUSTADSOSIAL OPPFØLGING (DOCX, 36 kB)

Kontaktinformasjon:

Bustadsosialt arbeid: Gro Hauge Venås

Telefon: 95 04 10 54

E-mail: gro.hauge.venaas@surnadal.kommune.no

Kontortid: måndag, tysdag (oddetalsuker) og fredag frå kl.08.00-16.00.

Kontorlokale:

Bustadsosialt arbeid har kontor på Sommerotunet Aktivitetshus , Røssmovegen 26, 6650 Surnadal

Kontaktinformasjon

Gro Hauge Venås
Bustadsosialt arbeid
E-post
Mobil 950 41 054