HPV-vaksine

Alle kvinner født i 1991 og seinare fekk frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram.

I Surnadal er det sett av tid til vaksinasjon desse dagane:

 

Måndag 8. oktober kl. 13.00-15.00

Måndag 12. november kl. 13.00-15.00

Måndag 17. desember kl. 13.00-15.00.

Obs: Vaksinasjonsprosessen er tre vaksinedosar som må setjast i løpet av 6-12 månader og han må startast opp innan utgangen av 2018.

 

 

 

Stad: Surnadal helsestasjon, tlf. 71 65 58 80.

 


 

Oppstart av programmet var i november 2016. Vaksina blir anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta før eller sidan, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre kan få ein infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdommen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 fekk uvaksinerte kvinner født i 1991 og seinare også tilbod om gratis HPV-vaksine. Dette tilbodet gjeld kun i ein toårsperiode, altså frå hausten 2016. Vaksinasjonsprosessen er tre vaksinedosar som må setjast i løpet av 6-12 månader og han må startast opp innan utgangen av 2018.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Telefon 71 65 58 80

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00