Avlastning

For personar og familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid. 

Avlastning

Du får tilbod om avlastning dersom du har særleg tunge omsorgsoppgåver. Det er for å hindre overbelastning, samt å gi deg nødvendig fritid og ferie og høve til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar.

 

Kva får du?

Du kan få døgn-, dag-, ferie-, privat- og institusjonsavlastning, avhengig av behovet som skal dekkjast.

 

Kvar kan avlastning bli gitt?

Avlastning kan bli gitt på ulike stadar;

For barn og unge:

- Heime hos deg/dykk (ein person kjem heim til deg/dykk og er saman med barnet medan du og/eller resten av familien er heime/borte)

- I heimen til avlastaren/besøksheimen

- I avlastningsbustad med personale som er tilsett i kommunen.

For eldre:

- Avlastningsopphald ved Surnadal sjukeheim

 

Kva kostar det?

Avlastningstiltak er gratis.

 

Kvar søkje?

Søknadsskjema ligg her.

 

Søknadskjemaet skal sendast:

Surnadal kommune

ved Koordinerande eining

Bårdshaugvegen 1

6650 Surndadal

 

Kven kan vere avlastar/besøksheim?

Det kan anten vere ein person/familie som du/de foreslår eller ein som kommunen foreslår.

Kommunen må godkjenne vedkomande som er avlastar/besøksheim.

Ring eller ta kontakt med Koordinerande eining ved rådgjevar Elizabeth Miciano, dersom du vil jobbe som avlastar/besøksheim.

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Elizabeth Miciano
Rådgjevar
E-post
Mobil 482 03 716

Åpningstider

Måndag - fredag
08:00 - 16:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL