Koordinator

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester, skal du få tilbod om ein koordinator.

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet rundt deg, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.

Koordinator skal oppnemnast i høve til individuell plan, men skal også tilbydast sjølv om du ikkje vil ha individuell plan.

Kva kan ein koordinator hjelpe deg med?

  1. Framdrift i arbeidet med individuell plan.
  2. Sikre samhandling mellom aktørane og andre tenesteytarar som har relevans/betydning for din helse- og livssituasjon.
  3. Følgje deg opp i heile planprosessen.
  4. Initiere, innkalle og eventuelt leie møte (f.eks. ansvarsgruppemøte og liknanda), knytt til individuell plan og koordinering av tenester.
  5. Vera kontaktledd mellom deg og helseapparatet/andre instansar.
  6. Informere og oppdatere deg i høve til arbeidet med individuell plan og tenestetilbodet.

Kontaktinformasjon

Elizabeth Miciano
Rådgjevar
E-post
Mobil 482 03 716

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL