04.08.2020: Forsterka besøksrestriksjonar ved Surnadal sjukeheim for perioden forlenga til 8. september

Foto: CDC, Alissa Eckert Foto: CDC, Alissa Eckert Kommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim i ein periode kor mange kjem heim frå ferie. Etter ei vurdering er dette forlenga frå 31. august til 8. september og inntil vidare beskjed.

Ferieavviklinga avrundast så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteforekomst av Covid-19 i Norge. I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga generell auka smittefare framover. Slik kan vi med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen.

For perioden 4.-31. august gjeld følgjande besøksrestriksjonar:

  • Bebuarane kan ha besøk av kun nærmaste pårørande (inntil 2 stk) i 1 time pr veke, 1 person om gongen.
  • Pårørande som har vore i utlandet med heimkomst siste 2 veker kan ikkje komme på besøk.
  • Ikkje kom dersom du har forkjølelsessymptom, sjølv med milde symptom.
  • Unngå klemming og handhelsing, og hald 1 m avstand.
  • Vask og desinfiser hender, og host i albuen.
  • Besøk foregår helst utandørs. Innebesøk foregår på bebuarrom.
  • Avdelingane er behjelpelege med videokommunikasjon.
  • Alle besøk skal framleis avtalast på førehand med avdelingene, ring:

        BOA: 481 71 283 
        Kåret: 481 99 602
        Langtids 1: 481 71 804               
        Langtids 2: 481 78 164

  • Alle besøk blir protokollført som tidlegare.
  • Ved alvorleg sjukdom vurderer vi unntak frå restriksjonane som før.
  • Biltur med nærmaste pårørande er ok. Selskap osv med fleire tilstades vil bli sagt nei til i denne perioden.
  • Vi ser helst at det ikkje blir sendt leveransar til pasientane i perioden.
  • Frisering, fotpleie og annan 1:1-pleie blir utsett.

Ta kontakt ved spørsmål.

På førehand takk for forståing og samarbeid til det beste for våre bebuarar.

På vegne av sjukeheimen;

Marit Moe Kvendbø, einingsleiar, 3. aug 2020