29.01.2021: Tiltak ved sjukeheimen i samband med utbrotet av mutert virus på austlandet

Bakgrunnen for tiltaka er utbrotet av mutert virus og "stengte" kommunar på austlandet. Sjukeheimen iverksett no nokre føre-vár tiltak.

Etter dialog med kommuneoverlegen gjeld følgjande oppmoding til pårørande/ besøkande frå i dag 29. januar:

Kommunar som er berørte av mutert virusvariant: Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler, Ås,Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde, Skiptvedt.

Tiltak ved sjukeheimen:

  1. Pårørande/ besøkande som har vore på reise i nemte kommunar etter 22. januar ber vi avvente 10 dagar etter heimreise før besøk på sjukeheimen. 
  2. Pårørande/ besøkande som bur fast i desse kommunane ber vi avvente besøk på sjukeheimen inntil vidare, til situasjonen er meir avklart og oversiktleg. 

 Elles gjeld individuell vurdering ved alvorleg sjukdom som før, samt at alle besøk skal gjerast avtale om på førehand.