Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim frå 2. juli

 

Vi ønskjer at de følgjer desse råda når de kjem på besøk:

  • Besøk avtalast på førehand, og besøka protokollførast.
  • Besøkande frå område med høg smitterisiko følgjer smittevernråda for området med høgast smitterisiko.
  • Alle besøkande må utføre handhygiene ved ankomst.
  • Besøkande med bekrefta eller sannsynleg smitte, eller som er i karantene eller har luftvegssymptom, skal som hovudregel ikkje koma på besøk. Unntak vurderast ved alvorleg sjukdom.
  • Er du i tvil om du kan ha vore utsatt for smitte, oppmodar vi deg til å teste deg før du kjem på besøk. Bruk gjerne munnbind som eit føre-vár-tiltak.
  • Besøkande bør halde minst 1 meter avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Om bebuaren er vaksinert kan vedk ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med både vaksinerte og uvaksinerte besøkande.
  • Om bebuaren ikkje er vaksinert kan vedkommande ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med både vaksinerte og uvaksinerte, men her må det gjerast ei vurdering, ev. i samråd med pårørande, basert på om bebuaren er i risikogruppe, samt det lokale smitterisikonivået.
  • Det kan ikkje vere fleire besøkande enn at dei som ikkje er vaksinerte kan halde minst 1 meter avstand seg imellom.
  • Besøk kan skje i fellesareal, så framt avstand kan overhaldast.
  • Gåver og blomster er ok. Ta med eiga traktering. Besøket kan ikkje bruke institusjonskjøkkena.
  • Dersom bebuaren blir med på besøk utanfor sjukeheimen bør det gjerast ei vurdering av smitterisikoen opp mot grad av behov for besøket.

Velkomen på besøk og god sommar!                             Tlf 71 65 82 00