Bestille koronatest

Du bestiller enklast koronatest på nett. Du treng ikkje henvisning frå lege eller andre helsetenester. Er du i tvil kan du ta helsenorge.no sin koronasjekk.

Slik bestiller du test på nett

  • Gå inn på nettsida c19.no
  • Du kan bestille test både for deg sjølv og på vegne av andre personar
  • Logg inn med elektronisk ID, oppgi kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan person.
  • Kryss av dersom du mottek kommunale helsetenester i heimen (t.d heimesjukepleie)
  • Umiddelbart etter at du har sendt inn bestilling får du informasjon om når og kor du skal møte opp.
  • Tida du må vente beror på test-kapasiteten.

c19.no - bestill test her

 

Koronatesting (PCR) kommunalt testsenter

Det er open teststasjon ved ambulanseinngangen på Surnadal legesenter desse dagane i veka:

  •  måndag, onsdag og fredag (det er lurt å bestille dagen før)

Hurtigtest til bruk heime

Skuleelevar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule i kommunen har fått utdelt antigen hurtigtestar til sjølvtesting heime. Skuleelevar kan bruke desse i tråd med den instruksen dei har fått frå skulen. Testane gir ein indikasjon på om ein er smitta eller ikkje på testtidspunktet. Ved positivt svar, skal ein kontakte fastlege eller helsetenesta i kommunen for å få bekrefta positivt prøvesvar med ein vanleg koronatest. 

Hurtigtestar som er godkjent til privat bruk er å få kjøpt i ein- eller fleirpakningar (5-10 stk) på apotek. Helsedirektoratet vil komme med meir informasjon om bruken av sjølvtestar i veke 37.

Hurtigtest ved Midtnorsk bedriftshelsetjeneste 

Frå veke 20 kan du bestille hurtigtest (spyttprøve) hos Midtnorsk HMS-senter ved å ringe 71 66 03 26.
Gjeld ikkje personar i karantene. Pris kr. 750,-

Les Informasjonsbrosjyre (PDF, 382 kB) om hurtigtesttilbodet ved Midtnorsk bedriftshelsetjeneste. 

Testing av tilreisande gjestearbeidarar (PCR)

Arbeidsgjevar skal bestille koronatest på vegne av sine utanlandske gjestearbeidarar via c19.no etter gjeldande nasjonale bestemmelsar om testing og karantene. Arbeidsgjevar kan pårekne å motta faktura frå testlaboratoriet.

Testing av tilreisande privatpersonar (PCR)

Alle med norsk personnummer kan bestille koronatest via c19.  Tilreisande som ikkje har norsk personnummer kan få nokon med norsk personnummer til å bestille test for seg på c19.no eller kontakte legesenteret. 

Råd og rettleiing for koronatest

Dersom du ikkje er digital brukar kan du ringe Surnadal legesenter og få råd og hjelp.

  • Telefon: 71 65 78 00. Telefontid: kl. 09.00-12.00 og kl. 13.00-15.00 alle kvardagar
  • Dersom du treng helsehjelp eller vurdering frå lege må du også kontakte Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00

Drive-in test

Du må sitte i eigen bil under gjennomføringa av testen. Legevakta i Surnadal har same innkjørsel som ambulansestasjonen. Møt eit par minutt før oppsett tid og vent i bilen på å bli vinka fram for testing. 

Sjekk testsvar på helsenorge.no

Testresultatet finn du på helsenorge.no   

  • Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no
  • Dersom du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontaktar du fastlegen din for å få prøvesvar.
  • Testar du positivt for koronavirus, blir du kontakta av fastlege.