Digital testbestilling for covid-19

Klikk for stort bildeNo kan du bestille koronatest på nett! Du treng ikkje henvisning frå lege eller andre helsetenester. Det er nok at du følger gjeldande nasjonale kriterier for testing før du bestiller.

Er du i tvil kan du ta helsenorge.no sin koronasjekk.

 

 

Slik bestiller du test på nett

  • Gå inn på nettsida c19.no
  • Du kan bestille test både for deg sjølv og på vegne av andre personar
  • Logg inn med elektronisk ID, oppgi kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan person.
  • Kryss av dersom du mottek kommunale helsetenester i heimen (t.d heimesjukepleie)
  • Umiddelbart etter at du har sendt inn bestilling får du informasjon om når og kor du skal møte opp.
  • Tida du må vente beror på test-kapasiteten.

c19.no - bestill test her

 

Informasjon som blir delt ut ved testing i Surnadal

Dette skrivet er kontinuerleg oppdatert og blir delt ut  til alle som har testa seg i Surnadal kommune. Sjå Informasjon om testing og karantene (PDF, 579 kB)

 

Testing av tilreisande gjestearbeidarar

Arbeidsgjevar skal bestille koronatest på vegne av sine utanlandske gjestearbeidarar via c19 etter gjeldande nasjonale bestemmelsar om testing og karantene. Arbeidsgjevar kan pårekne å motta faktura frå testlaboratoriet.

Testing av tilreisande privatpersonar

Alle med norsk personnummer kan bestille koronatest via c19.  Tilreisande som ikkje har norsk personnummer kan få nokon med norsk personnummer til å bestille test for seg i c19 eller kontakte legesenteret. Tilreisande utan norsk personnummer kan pårekne å motta faktura frå testlaboratoriet. 

Råd og rettleiing for koronatest

Dersom du ikkje er digital brukar kan du ringe Surnadal legesenter og få råd og hjelp.

  • Telefon: 71 65 78 00. Telefontid: kl. 09.00-12.00 og kl. 13.00-15.00 alle kvardagar
  • Dersom du treng helsehjelp eller vurdering frå lege må du også kontakte Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00

Drive-in test

Du må sitte i eigen bil under gjennomføringa av testen. Legevakta i Surnadal har same innkjørsel som ambulansestasjonen. Møt eit par minutt før oppsett tid og vent i bilen på å bli vinka fram for testing. 

Sjekk testsvar på helsenorge.no

Ved bestilling av test på nett får du ikkje testresultatet på SMS. Testresultatet finn du på helsenorge.no 2-3 dagar etter at du tok testen.  

  • Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no
  • Dersom du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontaktar du fastlegen din for å få prøvesvar.
  • Testar du positivt for koronavirus, blir du kontakta av fastlege.

Testsvar - helsenorge.no