Førebygge smitte
For å hindre smitte bør personar som er sjuke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og ein bør, når det er muleg, halde 1 meters avstand til personar med luftvegssymptom. Ein bør og prøve å hoste/nyse i eit papirtørkle (som blir kasta etterpå) eller i armkroken.
God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Hånddesinfeksjon (Antibac) er eit godt alternativ dersom håndvask ikkje er muleg. Dersom hendene er synleg skitne eller våte har hånddesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør reingjerast med såpe og vatn.
Fakta og råd om koronaviruset frå Folkehelseinstituttet
Helsedirektoratet har oppfordra til å henge opp plakat med generelle hygieneråd på stader der mange menneske møtest.
Helsedirektoratet har sendt ut tre dokument for innbyggarar og reisande:
1. Smittevernplakat for reisande på norsk - engelsk - kinesisk
Last ned smittevernplakat for reisande her (PDF, 874 kB)
2. Informasjonsark som er retta mot dei som jobbar i kontakt med turistar og folk som kjem til Norge
Last ned informasjonsark for deg som jobbar med reisande her (PDF, 118 kB)
3. Generell smittevernplakat om gode vanar som forebygger smitte. Den rettar seg mot publikum generelt, for eksempel til bruk i skular og barnehagar.
Last ned generell smittevernplakat her (PDF, 2 MB)