Koronatiltak: Arrangement, aktivitetar og samfunnsliv

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Oversikt over gjeldande og planlagte nasjonale reglar og koronatiltak.

Oversikt over gjeldande nasjonale tiltak innført av norske myndigheiter for å handtere koronasituasjonen.

Datert oversikt over myndigheitene si handtering av koronasituasjonen

Frå 12. oktober opnar regjeringen for følgande:

  • Ei trinnvis gjenopning av breiddeidretten for vaksne.
  • Nasjonal skjenkestopp ved midnatt opphevast.
  • Inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelt på grupper på inntil 200 personar.
  • Det blir tilstrekkeleg med eitt sete mellom personar på arrangement med fastmonterte seter

Sjå faseinndeling for gjenopning av breiddeidretten her.

 

Arrangement over 20 og opp til 200 personar. 

Slike arrangement skal handterast som offentleg arrangement, kor arrangøren er ansvarleg for:

  • å ha oversikt over kven som er til stades for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dersom det er nødvendig å nedteikne liste over dei som er til stades med kontaktopplysningar, skal lista slettast etter 10 dagar.
  • å ha tiltak som hindrar at sjuke personar ikkje deltek på arrangementet
  • å følgje relevante standardar om smittevern
  • å legge til rette for at avstandskrav og smittevern kan følgjast under heile arrangementet

Arrangøren skal gjere ei risikovurdering på førehand: Last ned skjemaet Risikovurdering av arrangement. (DOCX, 22 kB)

Arrangøren skal fylle ut ei sjekkliste for godt smittevern under arrangementet: Last ned skjemaet Sjekkliste for godt smittevern. (DOCX, 24 kB)

Ved større arrangement bør arrangøren kontakte lokal smittevernansvarleg i kommunen for råd.

Kva er rekna som arrangement?

Med arrangement meines mellom anna konsertar, seminar, varemesser, midlertidige marknader, bursdagar, bryllaup, begravelsar og religiøse samlingar. Loppemarked til inntekt for frivillige organisasjonar er ikkje omfatta.

Kva er rekna som offentleg stad?

Med offentleg stad meines ein stad bestemt for alminneleg ferdsle eller ein stad der allmennheita ferdast. Det same gjeld arrangement i lokaler og utandørs areal som lblir leigd eller lånt ut, inkludert hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar.

Regjeringen har svart på ei rekkje spørsmål knytt til arrangement og stenging av enkelte virksomheiter. Desse spørsmålea og svara til dei kan du lese hos regjeringen.no.

Antal personar i ei gruppe 

Rådet om maksimalt 20 personar med 1 meters avstand inne og ute.

Private arrangement inntil 20 personar

Anbefalt storleik for grupper i private sammenhengar er maksimalt 20 personar, og forutsett at alle held minst 1 meters avstand. Rådet gjeld for private sammenkomstar og meir uformelle arrangement, både innandørs og utandørs utan ansvarleg arrangør. For private samankomstar opptil 20 personar kan ein søkje råd hos smittevernansvarleg i kommunen. Det er viktig å sjå an utviklinga av smittesituasjonen, særleg ved samankomstar med personar i risikogrupper, og på tvers av kommune- og fylkesgrenser.