SMS-innkalling med tilbod om vaksine
Kvar veke kallar vi inn personar på SMS med ei tekstmelding og lenke til påmelding, alt etter kor mange vaksiner vi får tilsendt. Etter at du har fått SMS frå oss kan du logge deg inn med elektroniskID på nettsida c19.no og takke ja eller nei. Det fungerar akkurat som når du loggar deg på nettbanken din.
Be gjerne pårørande eller nokon du kjenner godt om hjelp. Det går fint an for andre logge seg inn med sin BankID og bestille for andre så lenge ein oppgir rett personnummer og telefonnummer til den som har motteke SMS-innkallinga.
Vi åtvarar mot å dele passord og brukarnamn med andre. Det går ikkje an å bestille vaksine før ein har fått SMS-innkalling frå oss med tekstmelding på mobilen sin.
Når du har takka ja får du tildelt oppmøtetid, stad og sete du skal sitte på under vaksineringa. Du blir møtt av vaksinevertar i døra på Surnadal kulturhus. Ha på munnbind og overdel med ermer som er lette å brette opp. Det heile tek omlag ein time.
Ver obs på vaksine-svindel
Dersom du skulle få henvendelsar om koronavaksine kor du får tilbod om å snike i vaksineringskøen mot betaling, er dette svindelforsøk. Vi vil aldri be deg oppgi betalingsinformasjon - vaksinen er gratis! Det er kun kommunen som tilbyr koronavaksiner til innbyggarane og ein kan skal kun besvare SMS-tilbod frå oss via nettsida c19.no eller ved å ringe kommunen sin Vaksinetelefon.
Vaksinetelefon: 913 79 001
Dersom du har fått SMS-innkalling ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du ringe vår Vaksinetelefon måndag-fredag mellom kl. 09.00- 15.00.
Ingen blir gløymt
Dersom vi ikkje høyrer frå den som har motteke SMS-innkalling, ringer vi vedkommande opp. Ingen vil bli oversett eller gløymt.
Når skal du kontakte fastlege
Dersom du er usikker på om du kan ta vaksinen av medisinske årsakar, er det lurt å rådføre seg med fastlege.
Fastlege i annan kommune
Er du i risikogruppe med tilleggssjukdom og har fastlege i annan kommune, må du be fastlegen din om å melde frå om dette til Vaksinetelefonen i Surnadal kommune.
Informasjon på kommunen sine nettsider og i lokalpressa
Vi vil informere om kor mange i kva for aldersgruppe som får tilbod vaksine, veke for veke, heilt til alle er vaksinerte. Dette vil ta tid. Ein må belage seg på å vere tolmodig. Informasjon vil komme på kommunen sine nettsider, FB-side og i lokalavisene.
Vaksinekalender
Følg med på vår Vaksinekalender lenger ned på denne sida.