Alle med symptom på covid-19 bør testast

Klikk for stort bildeFoto: CDC, Alissa EckertOppdaterte testkriterie for covid-19 frå 11. juni

Folkehelseinstituttet anbefaler at alle personar med symptom på covid-19 testar seg. Med symptom meines akutt luftvegsinfeksjon og eitt eller fleire av symptoma under:

  • feber
  • hoste
  • tungpustetheit
  • tap av smak- eller luktesans

Det er viktig at alle som får symptom på luftvegsinfeksjon blir testa. Det er ikkje eit krav at du har feber. Dersom ein får ein luftvegsinfeksjon – skal ein kunne bli testa – sjølv om ein berre har milde symptom.

Anbefalinga gjeld for alle aldersgrupper, inkludert barn.

 

Kontaktinformasjon: 

Personar som har mistanke om koronavirus eller har behov for helsehjelp, skal kontakte Surnadal legesenter i kontortida på telefon: 71 65 78 00.

Etter kontortid skal ein kontakte legevakta på telefon 116117.
Ved livstruande sjukdom, ring naudnummer 113. 

Lenke til Folkehelseinstituttet si side om testing