07.01.2021: Første koronavaksine sett i Surnadal
Arna Ranes får koronavaksineI dag vart den aller første koronavaksinen sett i armen på ein surnadaling! Arna Ranes bur på sjukeheimen og er 91 år.
Vaksinator Reidun Nerland fekk sette den første dosen med koronavaksine i Surnadal kommune. Utover dagen vart det sett i alt 34 doser av 5 glas med vaksine.
- Det er gledeleg at vi fekk vaksinert i alt 34 av 61 bebuarar ved sjukeheimen av ei forsending på 5 glas. Så langt har ingen fått alvorlege biverknader av vaksinen, opplyser einingsleiar Marit Moe Kvendbø.
Sjå vaksineringsprosessen frå A - Å
Forsending koronavaksine | Fotograf: Surnadal kommune
Publisert avAnne Lise With Wullum
Publisert07.01.2021 15.07
Sist endret07.01.2021 18.32