08.03.2021: Status for koronavaksineringa og oppstart av gruppe 5

Klikk for stort bildeDenne veka blir det oppstart med vaksinen frå AstraZeneca til gruppe 5, i tillegg til dei som skal ha dose 2 med Pfizer - BioNTech.

Oppstart gruppe 5 med AstraZeneca denne veka

Denne veka startar vi med å tilby vaksinering med AstraZeneca til personar som er i gruppe 5, alder 55-64 år med underliggande sjukdommar/tilstandar. Mange som er fødde i 1957 og er i denne gruppa vil no få ein SMS med innkalling til timebestilling for vaksinering på kulturhuset førstkommande fredag. 

Hugs å gå gjennom sjekkliste før vaksinasjon og å fylle ut eigenerklæringsskjemaet som du skal ta med til vaksineringsdagen. Skjemaet og sjekkliste ligg tilgjengeleg på vår informasjonsside om Koronavaksinering. Her ligg også informasjon som forklarar korleis ein loggar inn på c19.no og bestiller koronavaksinering etter å ha fått SMS-innkalling.

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.
Lenke til informasjonsark om vaksinen frå AstraZeneca finn du her.

Dersom du har spørsmål til eigenerklæringsskjemaet, er sjuk eller ikkje kan møte til vaksinering, ber vi deg ta kontakt med Vaksinetelefonen: 913 79 001 (kvardagar 09.00 - 15.00)

Gruppe 3 i veke 10 og 11

Det blir ingen nyinnkallingar til personar over 75 år og eldre denne veka. Kun personar som skal ha dose 2 blir kalla inn.

I neste veke (veke 11) vil vi fortsette å vaksinere nye personar i gruppe 3. Personar over 75 år som står for tur i vaksinekøen, vil førstkommande fredag få ei innkalling på SMS med timebestilling til vaksinering veka etter.