13.04.2021: Status for koronavaksineringa veke 16

Klikk for stort bilde I veke 16 mottek kommunen 162 vaksinedoser.

Målgruppe for vaksineringa i veke 16

Gruppe 4 (65 - 74 år) og personar 18 - 64 år med sjukdommar som gir forhøga risiko.

Vi vaksinerer framleis kun med vaksinen frå BioNTech/Pfizer. Det er ikkje meldt om alvorlege biverknader etter vaksinering med denne vaksinetypen i vår kommune. 

Koronavaksinering fredag 23. april

Bruk inngangen du fekk oppgjeve på SMS når du kjem til Surnadal kulturhus. Oppmøte maks 15 minutt før avtalt tid.

Hugs å ta med eigenerklæringsskjemaet du fekk tilsendt i posten og legitimasjon. Dersom du ikkje har eigenerklæringsskjemaet, kan du laste det ned frå denne lenka.

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Du får automatisk innkalling/ og påminning om dose 2 om 6 veker.