Takket vere god etterleving av strenge smitteverntiltak i påska, er smittetrykket nasjonalt no på eit nivå som gjer det muleg å gjenopne samfunnet litt igjen.
Det er likevel mange kommunar i Norge som framleis har strengare tiltak. Også i vårt eige fylke er det kommunar som no må handtere krevande smitteutbrot med mutert virus.
Mykje blir no slik vi hadde det i vår kommune før det kom nasjonale innstrammingar før påske. Vi har god grunn til å glede oss over det som no blir muleg å få til lokalt, utan at vi kan bli slappe på smittevern:
Private samankomstar
- Inntil 5 gjestar i private heimar, men ein kan vere fleire når antal medlemmar i to husstandar til saman teljer fleire
- Barn kan ha besøk av kohorten sin og unge kan ha nokre faste nærkontaktar på besøk
- Private samankomstar (med personar frå same kommune)
- Innandørs i leigde lokale: Maks 10 personar (unntak for barnebursdag i kohort med vaksne som hjelper til)
- Utandørs: 20 personar
- Anbefalinga om 2 meter avstand går tilbake anbefaling om 1 meter
Arrangement
Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar bør avlysast/utsettast
- Arrangement som samlar personar frå same kommune, kan gjennomførast slik:
- Innandørs - Inntil 100 personar med faste tilviste plassar (t.d kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester)
- Innandørs: Inntil 50 personar med barn og unge under 20 år frå same kommune utan faste tilviste plassar (kor, korps eller teater osb.)
- Innandørs: Inntil 10 personar for vaksne utan faste tilviste sitteplassar (mini-korøving?)
- Utandørs: Inntil 200 personar, men inntil 200 personar x 3 kohortar dersom publikum sit på faste tilviste plassar (t.d tribuner på fotballkamp)
- Skjenking er lov til kl. 22.00, med krav om matservering
- Same anledning til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader (nytt)
Breiddeidrett og fritidsaktivitetar
- Barn og unge under 20 år kan no trene og delta på fritidsaktivitetar med unntak frå 1-meters regelen.
- Innandørsarrangement; Inntil 50 barn og unge under 20 år frå same kommune, utan faste tilviste plassar
- Barn og unge under 20 år som driv med aktivitetar som ikke innebær nærkontakt, kan delta i arrangement utandørs som samlar deltakarar frå same krins eller region der region brukast som geografisk inndeling.
- Dersom barn og unge har treningar/øvingar med eit lag eller forening i ein annen kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreninga så lenge smittesituasjonen tillet det. (Nytt)
- Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst 1 meters avstand (Nytt).
- Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst 1 meters avstand. (Nytt)
- Toppdrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs
Reising og arbeid
- Innanlandsreiser: Opprettheld anbefaling om å unngå unødvendige innanlandsreiser og å unngå bruk av kollektivtransport viss muleg. Det viktigaste er å unngå reiser til og frå område med mykje smitte.
- Utanlandsreiser: Like strengt, Kritisk personell må søke om unntak.
- Anbefaling om heimekontor for alle som har mulegheit til det
Kva med munnbind i Surnadal?
- Det er ikkje så dumt å fortsette med munnbind der det er mykje folk samla og vanskeleg å halde 1 meter avstand til andre. Elles følgjer du råd om smittevern der du er.
- På offentleg transport er munnbind eit krav.
Les meir om detaljane kring ulike nasjonale tiltak for Trinn 1, 2, 3 og 4 hos regjeringen.no.
Les meir om nasjonale tiltak 16. april her.