16.01.2021: 3 positive koronaprøvar i Surnadal - situasjonen er under kontroll

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Kommuneoverlegen har laurdag kveld fått melding om to nye påviste smittetilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter tidlegare gjennomgått sjukdom. 

En person heimebuande i Surnadal har etter heimkomst testa svakt positivt etter gjennomgått sjukdom på reise i utlandet. Personen er ikkje smitteførande.

Ein utanlandsk statsborgar har testa positivt i kommunen  og er sett i isolat.

Ein gjestearbeidar har testa positivt ved innreise og er sett i isloat. To nærkontaktar er sett i karantene og blir framstilt for ny testing.  

Alle var i karantene ved tidspunkt for prøvetaking og det er ikkje behov for lokal smittesporing.