18.03.2021: Informasjon om koronavaksineringa i veke 12 og i påskeveka

Vi kallar inn fortløpande til vaksinering til første ledige vaksineringsdag,og det er viktig å gi rask tilbakemelding på innkalling, også om ein takkar nei. Vi vaksinerer framleis gruppe 3 (75 - 84 år) med vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer

Forlenga doseintervall

For at fleire raskare skal få tilbod om første dose med koronavaksine frå BioNTech/Pfizer, har FHI forlenga intervallet mellom dose 1 og dose 2 frå 3 til 6 veker. Dei som blir vaksinerte frå og med veke 11 vil få dose 2 om 6 veker. 

Vaksinering fredag 26. mars (veke 12)

I veke 12 gjer vi oss ferdige med 1940 -42-modellane. 

Vaksinering onsdag 31. mars (påskeveka)

Vi unngår vaksinering på langfredag og onsdagen blir difor vaksineringsdag for denne veka. Vi reknar med å bli ferdige med alle 1943-modellane til påske, slik at vi kan starte med å tilby vaksine til 1944-modellane rett etter påske. Vi har ikkje fått melding frå FHI om kor mange vaksinedoser vi får veka etter påske, men reknar med å vite dette i løpet av neste veke.

Ill: ALW/Surnadal kommune  

Innkalling

Systemet vi har for innkalling til koronavaksinering er basert på fødselsår, men tek ikkje omsyn til når på året ein er fødd. Difor kan ein litt yngre nabo få innkalling før deg. Når du svarar på innkalling på SMS og bestiller time, får du time til første ledige vaksineringsdag. Det kan vere same veka eller veka etter. 

Vi kallar inn fortløpande på SMS og vi ber dykk vere raske til å bestille time eller takke nei på c19.no eller ved å ringe vaksinetelefonen. Dersom du takkar nei, går tilbodet til neste person på lista.

  • Hugs eigenerklæringsskjema for vaksinering
  • Ha på munnbind og ermer som er lette å brette opp
  • Ha med gyldig legitimasjon