18.08.2021: Gravide blir no anbefalt koronavaksinasjon

FHI anbefaler no gravide i 2. og 3. trimester mRNA-vaksine mot covid-19.

FHI anbefaler vaksine i 2. og 3. trimester

Risiko for alvorleg sjukdom blant gravide som blir smitta med koronavirus er låg, samtidig viser internasjonale studier at gravide har noko auka risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom, og at denne risikoen aukar utover i svangerskapet.

FHI anbefaler no difor alle gravide i 2. og 3. trimester å ta mRNA-vaksine mot koronavirus. Gravide som tilhøyrer risikogruppene kan også vaksinerast i 1. trimester.

Beskytter både mor og barn

Det er låg risiko for at spedbarn i første leveår får alvorleg koronasjukdom, men barn i denne alderen blir oftare innlagde på sjukehus om dei først blir sjuke. Vaksine til mor kan beskytte både mor og barn mot koronasjukdom, i følge FHI. 

Biverknader lik andre vaksinerte

Gravide kan få same biverknader som andre vaksinerte kvinner på same alder. Gravide får tilbod om mRNA-vaksiner frå Moderna eller Pfizer.

Informasjonsark om vaksinen frå Moderna

Informasjonsark om vaksinen frå Pfizer

Bestill koronavaksinasjon

Surnadal kommune kjem til å sette ein strek for massevaksineringa i slutten av september. Dersom du er gravid i 2. eller 3. trimester eller du nyleg har fødd, ber vi deg difor ta kontakt med vaksinekoordinator så snart som muleg på epost: vaksine@surnadal.kommune.no eller via vaksinetelefon: 913 79 001. 

Gravide i risikogruppe som er i 1. trimester bes avklare med fastlegen sin før dei bestiller vaksinasjon.

Lenke til informasjon frå FHI.