20.05.2021: Oppdaterast - Status for koronavaksineringa med ny vaksinestrategi

Klikk for stort bildeRegjeringa kunngjorde i ein pressekonferanse den 19. mai si endelege beslutning om å endre vaksinestrategi.

Praktiske konsekvensar med ny vaksinestrategi

Endring i vaksinestrategien får konsekvensar på to område. For det første medfører dette ei ytterlegare geografisk skeivfordeling av vaksiner over ein periode på omlag 7 veker. 309 kommunar i Norge skal i denne perioden avstå i snitt 35% av sine vaksinedoser til ei gruppe kommunar med vedvarande høgt smittetrykk og inngripande tiltak.

For det andre medfører endringa at dei unge i heile landet rykkar fram i vaksinekøen. Når alle over 45 år er vaksinerte, skal gruppa 18-24 år vaksinerast parallelt med gruppa 40-44 år. Til sist kjem gruppa 25-39 år.

Det blir slett ikkje pause i vaksineringa, men vi får ikkje den store auken i vaksineleveransane like tidleg som vi hadde håpa på. I praksis får vi ei forskyving av 38% av dei førespegla vaksinedosene vi opprinneleg skulle ha motteke for juni og delar av juli. Vi får i staden desse vaksinedosene dei siste to vekene av juli og første veka i august. Vi ser at dette blir ei krevande oppgåve midt i fellesferien, men vi er innstilt på å brette opp ermane for å få dette til. Vi har eit utruleg dedikert personell av eigne tilsette og frivillige som stiller opp for innbyggarane til vi er i mål med vaksineringa.

Vaksinerings-milepæl den 4. juni

Det er gledeleg at alle i gruppe 4 får dose 1 og alle helsepersonell får dose 2 innan 4. juni. Fredag 21. mai sender vi ut SMS til alle 1955-56-modellane som da kan gå inn å booke seg time til 4. juni på nettsida c19.no

Eigenerklæringsskjema

Hugs å ta med utfylt eigenerklæringsskjema til vaksineringsdagen. Skjemaet finn du her. Om du ikkje kan skrive ut, kan du hente skjemaet på Surnadal kulturhus.

Under er eit lokalt foreløpig estimert vaksineringsscenario for sommaren, basert på jamt vaksineringstempo innan storleveransane kjem frå siste del av juli:

Vaksineringsscenario der alle i ei gruppe har fått tilbod om dose 1
Vaksineringsscenario der alle i ei gruppe har fått tilbod om dose 1
Vaksineringsgruppe Alder /risikogruppe Dose 1 Doseintervall (veker)
Gruppe 4 65-74 år og personar 18-64 år med høg risiko Veke 22 6
Gruppe 5 55-64 år med underl. sjukdommar Veke 22-23 6
Gruppe 6 45-54 år med underl. sjukdommar Veke 23-24 6
Gruppe 7 18-44 år med underl. sjukdommar Veke 24-25 6
Gruppe 8 55-64 år Veke 25-26 12 nytt
Gruppe 9 45-54 år Veke 26-28? 12 nytt
Gruppe 10 18-24 år og 40-44 år Veke 29-30? 12 nytt
Gruppe 11 25-39 år Veke 30-31? 12 nytt

Vi må vere innstilte på at det kan komme enkelte justeringar som påverkar vekeoppsettet i det lokale vaksineringsscenarioet. Vi veit heller ikkje når FHI vil endre doseintervallet frå 12 til 6 veker igjen. 

Koronatesting og hurtigtest

Til sist minner vi om at det er viktig å teste seg ved symptom som kan vere covid-19 slik at vi fangar opp eventuelle smittetilfelle raskast muleg i ei tid kor mange er meir sosiale enn før. Koronatest bestiller du også på c19.no Det går i tillegg an å bestille hurtigtesting hos Midtnorsk HMS-senter i Surnadal dersom ein ikkje har symptom, men treng ei avklaring. Tlf hurtigtest: 71 66 03 26.