21.09.2020: Oppdatert status for berørte barnehagar og skuletrinn

Klikk for stort bildeDet har i dag vore eit beredskapsmøte i oppvekst. Overordna gjeld at vi er ekstra nøye med at barn med nyoppståtte symptom ikkje skal i barnehagane eller skulane. I samarbeid med smittesporingsteamet har ein komme fram til følgjande status for barnehagar og skular:

  • Ved  Midtigrenda barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20. 
  • Ved Øye barnehage er alle avdelingar opne frå tysdag 22.09.20
  • Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter er open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.
  • Mo barnehage, inkludert søsken i skulen, er framleis stengt til og med onsdag 23.09.20. Ny vurdering blir gjort onsdag 23.09.20 på bakgrunn av testsvar. 
  • Øye skule open på alle trinn frå tysdag 22.09.20.

Tilbake til normalen i ettermiddag for alle berørte i gjenopna einingar:

Ved dei barnehageavdelingane og skulane som blir opna i morgon, er det i dag gjort ei vurdering med utgangspunkt i status med omsyn til føreliggande resultat frå testing og smittesporing som gjer at smitterisikoen ved desse einingane er rekna som avklart.  Tilsvarande er, på same grunnlag, også berørte barn og føresette avklart og kan møte på fritidsaktivitetar og arbeid frå og med etter skuletid i dag.

Føresette blir i tillegg informert i respektive kanalar.

Med vennleg helsing
Bjørn Buan
Kommuneoverlege