25.03.2021: Informasjon om koronavaksineringa på fredag og veke 13 og 14

Her kjem litt praktisk informasjon om 26. mars og prognosene for vidare koronavaksinering i april.

Praktiske endringar fredag 26. mars

Dei som skal få koronavaksine fredag 26.mars skal bruke hovudinngangen ved kulturhuset, som er inngang A. Du kan sjå bort frå at det står inngang B i påminninga du fekk på SMS. Vaksineringa vil foregå i Svorkasalen, og ikkje i Storstua som tidlegere informert. Hugs å halde 2 meter avstand og bruk munnbind!

Vi fortsett vaksineringa av dei som er i gruppe 3 (75 – 84 år). Etter planen er vi er ferdig med denne aldersgruppa (dvs dei som er født t.o.m 1946) i løpet av første halvdel av april.

Venta oppstart av gruppe 4

Med tilgang på vaksiner vil vi kunne starte med gruppe 4 (65 – 74 år) i siste halvdel av april. Parallelt vil vi vaksinere dei som er 18-64 år med underliggande sjukdommar/tilstandar, som av FHI er assosiert med forhøga risiko. Desse blir kalla inn automatisk. Dersom du har underliggande sjukdom i denne kategorien og har fastlege i annan kommune, bør du sjekke med fastegen din at du er meldt inn. Oversikt over sjukdommar/tilstandar som medfører prioritert vaksine finn du på denne nettsida hos FHI.

Kun vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer

Vi mottek 108 vaksiner i veke 12, 96 vaksiner i veke 13 og 162 vaksiner i veke 14. Det er kun vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer som blir brukt.

Tilbakemelding på innkalling

Vi oppfordrar alle som får SMS om å logge seg inn på c19.no og bekrefte om dei vil ha koronavaksine eller ikkje.

Når ein veljer å forhalde seg passiv til SMS-innkalling, vil dette medføre forsinkelsar i innkalling vidare. Enkelt sagt vil eit nei fra nokon sende plassen i køen vidare til nestemann. Om du loggar deg inn og får ein time som ikkje passar, ring vaksinetelefonen for å få hjelp til å sette opp nytt tidspunkt. Nokon har gode grunnar for at dei vil vente med å ta vaksinen. Vi ønskjer at desse tek kontakt med vaksinetelefonen når dei får SMS-innkalling. Vi vil gjerne få registrert at dei ønskjer vaksine, men at dei vil vente ei stund.

Har du problem med å logge inn for å svare, så ringer du Vaksinetelefon 913 79 001 for råd og hjelp.

Ingen korona-telefon

Vi minner om at vaksinetelefonen vår ikkje er ein korona-telefon. Helsenorge.no gir god informasjon om nasjonale tiltak og anbefalingar. Dersom du framleis er i tvil kan du kontakte kommunens sentralbord for formidling og kontakt med nokon som kan gi deg korona-relaterte råd.