Ikkje ta med barn til koronavaksineringa

 Viktig informasjon til føresette med barn. 

Koronavaksineringa har no nådd aldersgruppene der mange er foreldre med små barn.

Vi har forståing for at enkelte tenkjer at det går an å ta med barn til vaksineringa, men det er ikkje tillate å ta med barn inn i vaksinasjonslokala på Surnadal kulturhus. Dette er begrunna i både smittevernomsyn og personvernomsyn ved vaksinasjon. 

Det kan skje at foreldre/føresette får time til vaksinering samtidig. Får de time samtidig, må de skaffe barnevakt den tida vaksineringa tar (omlag 45 min).

Vi ønsker å vere behjelpelege slik at ingen går glipp av vaksinetimen sin. Vi vaksinerar i fleire bolkar på same dag.

Dersom føresette får praktiske problem med tilsyn av barn, kan ein føresett be om å få bytte tidspunkt ved å kontakte Vaksinetelefonen: 913 79 001.

Gå til kommunens informasjonsside om koronavaksinering