Koronavaksinering i veke 4: Oppstart heimebuande over 85 år

Klikk for stort bildeNeste veke startar vi så smått opp med tilbod om koronavaksine til dei som er over 85 år og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen.

Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26. januar kl. 16.00.

Dei 25-30 personane som er i denne første puljen vil bli oppringt av kommunen med tilbod om vaksine. Desse vil få praktisk informasjon direkte. Sjølve vaksineringa vil foregå fredag 29. januar på Surnadal kulturhus.

Eigenerklæringsskjema

Koronavaksinen er frivillig og gratis og vi håpar at flest muleg takkar ja. Dersom ein er i tvil om ein kan ta vaksinen av medisinske årsakar, må ein be om råd frå fastlegen sin før ein vaksinerer seg. I eit tidlegare vaksinebrev frå kommunen la vi ved eit eigenerklæringsskjema som alle skal fylle ut. Dette skal takast med og leverast på vaksineringsdagen. Vi deler ut skjemaet på nytt til dei som ikkje har det med seg.

Hugs praktisk bekledning og å ha på munnbind på vaksinasjonsdagen.

Vi vil komme med ny informasjon når vi skal kalle inn neste vaksinasjonspulje over 85 år. Her vil det bli litt endringar. Sjølv om det no er mange som sit og ventar og har mange spørsmål, ber vi om at de er litt tålmodige og ventar på ny informasjon og innkalling. Vi lovar at ingen vil bli oversett eller gløymt. Det er fint om pårørande hjelper litt til og følgjer med på kommunen sine nettsider, FB-side og i lokalpressa i tida framover.

Følg gjerne med på vår Vaksinekalender