No blir det massevaksinering på Surnadal kulturhus

Gjeld personar 65 år og oppover:

Datoar for massevaksinering med ny oppfriskingsdose

Tysdag 30 august og onsdag 31. august blir det god gammaldags massevaksinering i Surnadal kulturhus igjen. Dette gjeld for dei 65 år og eldre som ikkje har fått time før dette.

Vi sender ut sms-innkalling med tilbod fortløpande. Det er fint om de som kan logge inn og bestille time elektronisk gjer det, men det går også an å ringe Vaksinetelefonen for å takke ja.