Nytt om sjølvtesting for koronavirus

Einingsleiar Gunn Bredesen viser fram covid-19  sjølvtest - Klikk for stort bildeEiningsleiar Gunn Bredesen Helse og familieFrå 1. november blir det enklare å teste seg sjølv ved nyoppståtte luftvegssymptom.

Til deg som skal ta koronatest

I tråd med nasjonale anbefalingar vil kommunen dele ut gratis sjølvtestar til personar som har nyoppståtte luftvegsymptom. Den som har symptom skal ikkje komme inn sjølv!           Frå 1. november kan du få nokon til å hente sjølvtest for deg i servicetorget på kommunehuset mellom kl. 09.00 – 15.00.

Hugs å sprite hender og ta på munnbind når du kjem inn på kommunehuset !

Saman med sjølvtesten ligg det informasjon med brukarrettleiing og kontaktinformasjon ved positivt testsvar. Dei som ikkje har symptom, men som ønskjer å ha ein test liggande heime på lur, må kjøpe seg sjølvtest på apoteket.

Sjølvtestar utdelt frå kommunane skal vere gratis og skal brukast til følgande prioriterte grupper:

  • Personar med luftvegsymptom, også vaksinerte
  • Uvaksinerte nærkontaktar til ein smitta person

 

Gratis sjølvtestar frå kommunane skal ikkje brukast ved rutinemessig test av arbeidsgivarar, eigne tilsette, organisasjonar eller ved arrangement.

 

Testbestilling via c19 på pause

Frå 1. november er teststasjonen ved legesenteret sett på pause og c19 er stengt for bestilling av koronatest. Dersom smittesituasjonen tilseier det eller ved større smitteutbrot, vil teststasjonen bli gjenopna. Kommunane har ikkje plikt til å tilby testing for koronasertifikat.

Ved behov for helsehjelp skal du ta kontakt med fastlege som før. 

Symptom på luftvegsinfeksjon kan starte med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske influensaliknande symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand.  Symptoma kan vere teikn på covid-19. Informasjon frå Folkehelseinstituttet som forklarar når du skal halde deg heime og når du kan komme på jobb/skule/barnehage finn du her.