Oppdatering 18.09.2020: Iverksette tiltak som følge av påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal
Foto: CDC, Alissa Eckert
I samband smittesporing av eit tilfelle av påvist Covid – 19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane/skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18.09 og måndag 21.09. 2020:
Presisering til føresette/næringsdrivande:
- Foreldre til barn på barnehageavdelingar/trinn som er stengde og søsken til desse, blir anbefalt å halde seg heime fram til ny beskjed blir gitt over helga.
- Dette er ei anbefaling, ikkje eit krav. Føresette som ikkje er definert som nærkontaktar eller er kontakta for smittesporing, er ikkje i karantene.
- Føresette som er næringsdrivande og andre som ikkje er tilsette i dei aktuelle nedstengte einingane kan gå på jobb dersom dei vurderer risikoen for å spre smitte til andre som låg og dersom dei er symptomfrie.
- Det er viktig å teste seg om ein får symptom og å vere særs nøye med å overhalde avstandskrava på jobb.
- Næringsdrivande som jobbar med ein-til-ein kontakt, bør informere sine kundar dersom dei er føresette til barn som er ramma av nedstenginga.
- Nærkontaktar som er sett i karantene og kontakta av smittesporingsteam, skal teste seg.
Dei tiltaka som er sett i verk er gjort som eit føre var-tiltak inntil vi får kontroll over smittesituasjonen. På bakgrunn av dei funna vi får i løpet av dei neste dagane vil det komme ei justering av tiltak som er sett i verk. Alle berørte vil få ny informasjon så snart som muleg.
Tilsette i andre berørte einingar kan få råd ved å kontakte sin nærmaste leiar og følgje med på informasjon som blir lagt ut på ansattportalen.
Publisert avAnne Lise With Wullum
Publisert18.09.2020 10.14